09.01.2009

Ny kunnskap om Veøykyrkja

Aldri har den gamle kyrkja på Veøya vore presentert på ein slik måte som i den siste årboka til Romsdalsmuseet.

Veøy kyrkje: hovud frå vestportalen (Foto: Kjartan P. Haglid)

Hovud frå vestportalen

Foto: Kjartan P. Haglid

Då det meste av samferdsla gjekk sjøvegen, låg Veøykyrkja sentralt og var eit viktig religiøst knutepunkt. I dag ligg Veøya avsides og folketom, utan bilveg eller båtruter. Men her er noko av Veøya sin magi, for dette gjer også folk nysgjerrige og aukar tiltrekningskrafta, skriv Romsdalsmuseets direktør Jarle Sanden i forordet sitt i årboka for 2008.

Peterskyrkja

Tidlegare har to av årbøkene til Romsdalsmuseet vore vigde til Veøya og kyrkja der - i 1991 og 1999. Denne gongen er det den vel 800 år gamle Peterskyrkja som har hovudrolla, ei kyrkje som underleg nok ikkje blei med i bokverket "Kirker i Norge" (2000). Det er Molde kommune som eig den freda kyrkja og kyrkjegarden, medan Romsdalsmuseet eig norddelen av øya og prestegarden.

Benkedør frå Veøy kyrkje (Foto: Riksantikvaren)

Benkedør frå Veøy kyrkje

Foto: Riksantikvaren

Frå grunnmur til spir

Veøya var ein gong eitt av 10 byliknande samfunn i Noreg, og hadde si glanstid frå 1100-talet til midt på 1300-talet. Kyrkja heldt fram med å vere ein viktig religiøs samlingsstad lenge etter at handelsstaden forsvann, og er godt bevart. I pinsa 2007 var forskarar frå ulike fagfelt samla til seminar på Veøya. I 3-4 dagar brukte dei fritida si på ein dugnad der dei undersøkte kyrkja frå under golvet til øvst i spiret. Artiklane i årboka spring ut av dette seminaret. Dei kastar lys over kyrkja si historie både i norsk og europeisk samanheng, og vi får ny og fascinerande kunnskap om kyrkjebygget, om kjøpstaden, om prestane og gudstenestelivet og mykje anna.

Biskopen gler seg

Biskop Ingeborg Midttømme har ikkje vore på Veøya enno, men seier at ho gler seg veldig til å komme inn i eit rom som har betydd så mykje for menneske gjennom generasjonar. - Det er viktig at vi kjenner røtene våre og historia vår og tolkar den slik at vi vågar å gå inn i framtida, seier ho.

Veøy kyrkje i middelalderen (Teikning: Siv R. Lindheim Eikrem)

Slik kan kyrkjerommet ha sett ut i middelalderen

Teikning: Siv R. Lindheim Eikrem

(NRK)

Biletgalleri

Topplister - Skatt 2007

Sjå topplistene for alle fylke, kommunar og postnummer.

Ansvarlig redaktør Bjarne Andre Myklebust - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK