Finn fram skia - skianlegga opnar

No er det på tide å grave fram ski og snøbrett frå kjellarboden. Skisenteret som er tidlegast ute kan allereie opne neste helg.
Publisert 20.11.2008 13:24.
- Kommentarer
- Skriv ut
Fleire skisenter har allereie starta vintersesongen i landet. No ser det ut til at også skientusiastar i Sogn og Fjordane kan pakke fram skiutstyret.
NRK har vore i kontakt med åtte skisenter i fylket. Dei største optimistane er på Nordfjordeid. Nedst i bakken er det 15-20 centimeter snø – og vêrmeldingane melder meir snø dei næraste dagane.
- Vi kan opne allereie på laurdag om snøen kjem. Men vi må nok ha opp mot 30-40 centimeter før anlegget kan opne, seier Oddgeir Åsebø ved Harpefossen Skisenter.
Nytt skisamarbeid
Også i Stryn rår skioptimismen.
- Vi håpar å opne neste helg om snøbygene kjem over oss. I dag er det rundt 20 centimeter nedst i løypene, seier Frode Briksdal ved Stryn Skisenter.
Skisenteret i Stryn gler seg også over det nye skikortsamarbeidet mellom fem ulike skianlegg i Nordfjord og Søre Sunnmøre. Briksdal håpar samarbeidet vil gi anlegget eit ekstra løft i år.
Full kunstsnøproduksjon i Sogn
Det tredje mest optimistiske skisenteret i fylket ligg i Sogn. Sogn Skisenter har produsert kunstsnø i fire dagar og åpnar truleg om ei veke eller to, opplyser driftsleiar Geir Øygard.
Dei andre skianlegga NRK har snakka med seier at opningstidene kjem an på vêret. Og til dei som enno ikkje har fått det med seg; det er meldt snø dei komande dagane i Sogn og Fjordane.
For oppdatert skiinformasjon, sjå skiinfo.no.
Lenker
Siste: Sogn og Fjordane
- Kjære Israels ambassade
Med vesle Lærdal kommune i spissen, ber seks norske kommunar Israel om å trekke seg ut frå Gaza.
Topplister - Skatt 2007
Sjå topplistene for alle fylke, kommunar og postnummer.







Ras og stengde vegar