09.01.2009

Matros skadd av full skipper

Ein skipper i 50-åra må tysdag møte i Fjordane tingrett, tiltalt for å ha vore rusa i tenestetida.

Påtalemakta meiner at mannen var rusen då han under arbeid trefte matrosen sin med gravemaskingrabben om bord i båten. Matrosen fall ned og fekk både brot- og nyreskade.

Promille på 2,76

Mannen har til ein viss grad erkjent forholdet, men partane stridast om kor mykje han drakk før og etter uhellet. Mannen står tiltalt etter brot på sjølova. I følgje lova har ikkje førar av skip større enn 15 meter lov til å nytte alkohol i tenestetida. Blodprøve teken like etter episoden viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2,76 promille.

- Skipper har øverste ansvar om bord på båten så lenge han er i teneste, seier politifullmektig Erling Melvær.

Drakk alkohol

Påtalemakta meiner mannen sette seg til å drikke etter at han la til kai og leverte fraktbreva i Høyanger i juni i fjor. Og at han deretter sette seg i gravemaskina. Melvær seier at det lovmessig er av inga betydning om mannen drakk før eller etter uhellet.

- Men det er straffeskjerpande dess meir skipperen drakk før uhellet, seier Melvær.

Ny lov

I følgje Melvær er det første gang at denne lova blir prøvd i Norge. Sidan det ikkje føreligg rettspraksis, kan domen difor bli av betydning.

- Lova vart endra i 2004. Før den tid kunne ikkje skipperen nytte alkohol åtte timar før han skulle føre båten. Låg båten til land, så var det heller ingen krav til å vere edru, seier han.

Mannen kan etter lova bli dømd til bot eller fengsel i inntil eitt år.

Tidlegare dømd

Også i 1998 vart mannen dømd for å ha ført båt i rusa tilstand. Fem år seinare vart han også meld for å nytt alkohol medan båten han førde låg til kai. Denne saka vart henlagt i høve lovverket, men rederiet gav han sparken for brot på interne reglar.

Forsvararen til skipperen, fiskeriadvokat Jan E. Holvik, vil ikkje kommentere tiltalen på noverande tidspunkt.

Topplister - Skatt 2007

Sjå topplistene for alle fylke, kommunar og postnummer.

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane

Ansvarlig redaktør Bjarne Andre Myklebust - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK