22.08.2008

Dette får du ikkje sjå 17. mai

Widerøe i svært låg høgde over Førde sentrum 17. mai i fjor. (Foto: Cosmin Cosma/NRK)

Widerøe i svært låg høgde over Førde sentrum 17. mai i fjor.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Widerøe-piloten fekk store overskrifter då han i fjor flaug over Førde på nasjonaldagen.

- Det var tidlegare ein tradisjon og piloten meinte det godt med å gje passasjerane ein sightseeing over Førde, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe.

Konflikt med paragliderar

Men skal du lande i Førde 17. mai 2008, er det garantert ei oppleving du må klare deg utan. For flyet kom i konflikt med fleire paragliderar. Mannen som låg nærast flyet fortalde til NRK at han hadde ei høgde på 350 meter då flyet passerte under han.

LES OGSÅ: Widerøe-pilot får refs

- Etter episoden har vi hatt ein grunding gjennomgang internt og poengtert at dette skal ikkje skje med mindre det er naudsynt med omsyn til radiosignal som ikkje fungerer eller med omsyn til sikt, seier Kongsteien.

Ikkje regelbrot

Deltakarane på nasjonaldagfeiringa vil ikkje få sjå eit fly i så låg høgde over Førde.

LES OGSÅ: - Galskap av pilot

- Nei det skal de sleppe. I alle høve ikkje med omsyn til sightseeing, seier Kongsteien og presiserer at piloten ikkje braut nokon reglar då han gjekk over Førde sentrum i fjor.

Vart ikkje orientert

Informasjonsdirektøren meiner hendinga i fjor skuldast reguleringa av luftrommet.

LES OGSÅ: Får ikkje straff for lågtflyging

- Sportshopparane hadde ikkje meld i frå om aktiviteten til dei rette instansane. Difor fekk ikkje piloten beskjed om det då han tok kontakt med tårnet på Bringeland, seier informasjonsdirektøren.

Vil du sakne overflyginga til Widerøe på nasjonaldagen?

Velg ett alternativ

Søk levert av

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane

Topplister - Skatt

Sjå topplistene for alle fylke, kommunar og postnummer.

Ansvarlig redaktør Bjarne Andre Myklebust - Opphavsrett NRK © 2008 - Kontakt NRK